Vest Auto AS er ei bedrift som vart starta opp på ungdomleg entusiasme. Grunnleggarane Geir Ove Åsebø og Jan Martin Starheim, hadde kvar 10 års erfaring som bilmekanikarar frå andre merkeverstader og dei meinte at no var tida inne for å starte eiga bedrift.

Den 6. mai 1998 vart sett som opningsdag. Det som var av ledige lokaler då var på Hafsåsneset 10 km vest for Nordfjordeid sentrum. Her fekk dei leige både lokal og komplett utstyr. Nødvendige avtaler med huseigar, oljeselskap, andre merkeforhandlarar m.m vart gjort, så no var det berre å sette i gang.

Det viste seg snart at denne etableringa var liv laga, og allereie 3 1/2 år etter starta arbeidet med å etablere seg i nye lokaler i Nordfjordeid sentrum. Frå å vere ein frittståande verkstad, framstår Vest Auto AS no som merkeforhandlar av franske Peugeot. Det er viktig å presisere at Vest Auto AS framleis vil satse på og utvikle verkstaden til å kunne reparere alle bilmerker.

Som ein kuriositet kan vi nemne at Vest Auto AS var den fyrste bilbedrifta i Nordfjord som brukte internett som annonseringskanal. Dette er noko vi framleis vil utvikle og håpar at mange av våre gamle og nye kundar vil bruke. Under slagordet "Ein god totalopplevelse" vil vi ivareta di interesse som kunde, utvikle oss, tilpasse oss nye krav og ligge i forkant av ny teknologi. Du skal alltid vere velkomen til Vest Auto AS.

Pr januar 2008 er det vi som tar hand om deg og bilen din :
Kundemottak : Brit Mari Botn
Delelager : Irvin Yri
Dagleg leiar / bilsalg : Geir Ove Åsebø
Selgar : Jarle Åsebø
Mekanikar : Torstein Balsnes
Mekanikar : Per Ole Hjelle
Mekanikar : Roy Andre Vedvik
Mekanikar : Ove Lillestøl
Lærling : Bjørnar Strandos